Heim

Bykle statsallmenning

Tilgang til hytter, båtar, jakt og fiske i Setesdal Vesthei

Velkomen til

Bykle statsallmenning

Bykle statsallmenning ligg i Setesdal Vesthei, og dekkjer eit areal på om lag 133 000 dekar. Alt er høgfjellsterreng.


Fjellstyra si verksemd er heimla i fjellova. Det er kommunestyret som vel medlemer til fjellstyret, men dette er likevel eit frittståande organ med eigen økonomi.

 

Bykle Fjellstyre skal administrere bruken og utnyttinga av rettar for statsallmenningen så sant ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. I hovudtrekk omfattar dette rettar til jakt, fangst og fiske.


I følgje fjellova skal fjellstyret arbeide for at statsalmenningen vert nytta på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og tek vare på naturvern- og friluftsinteressen

HYTTER, BÅTAR, JAKT & FISKE

Velkomen til fjells

Bykle Fjellstyre forvaltar jakt, fiske, hytteutleige og båtutleige for Bykle statsallmenning. Desse tilboda er tilgjengelige både for innbyggjarar i Bykle kommune og andre.


Klikk deg inn i menyen over for å finne meir informasjon om dei ulike tilboda.


VELKOMEN TIL Å NYTE DEN FLOTTE NATUREN I SETESDAL VESTHEI!